Valerij Ljukin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Valerij Viktorovitsj Ljukin (fødd 17. desember 1966) er ein tidlegare turnar som representerte Sovjetunionen. Han vart i 1988 olympisk meister i svingstang og i lagtevlinga.
Remove ads
Ljukin sikra seg fire gullmedaljar, ein sølvmedalje og ein bronsemedalje ved europameisterskapen 1987 i Moskva, mellom anna vart han europameister i mangekampen. Hausten same året vann han gull i lagtevlinga ved Turn-VM 1987 i Rotterdam, saman med karar som Dmitrij Bilozertsjev og Vladimir Artjomov. Under Sommar-OL 1988 i Seoul bidrog dei same tre turnarane til at Sovjetunionen tok gull i lagkampen. I mangekampen sigra Artemov føre Ljukin og med Bilozertsjev på tredjeplass. I apparat-finalane vann Ljukin gull i svingstang og sølv i skranke. Hausten 1991 vann han gull med det sovjetiske mannskapet i lagkampen ved verdsmeisterskapen i Indianapolis, då med lagkameratar som belarusaren Vitalj Sjtsjerba og ukrainaren Hryhorij Misjutin. I mangekampen vart Ljukin tredjemann, bak nettopp Misjutin og Sjtsjerba.
Ljukin utvandra til USA i 1992. Der var han trenar for dottera Nastia Liukin som i 2008 vart olympisk meister for USA.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Valeri Liukin» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2024.
- «Valery Lyukin» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 20. april 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads