Valerius Maximus
italiensk historikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Valerius Maximus var ein romersk forfattar i det fyrste hundreåret. Det einaste kjende verket hans er Facta et dicta memorabilia, ei moraliserande anekdotesamling i ni bøker. I mellomalderen var Valerius Maximus ein av dei mest kopierte latinske prosaforfattarane, etter Priscian. Som følgje av dette har over 600 mellomaldermanuskript av bøkene hans overlevd til moderne tid.[1]
Ein veit ikkje mykje om livet til Valerius Maximus, anna enn det som går fram av bøkene hans. Han følgde med Sextus Pompeius (konsul i år 14) då denne reiste til Asia, og Pompeius blir trudd å ha vore mesenen hans. Verket sitt dedikerte han til kejsar Tiberius.[2][3]
Kvar bok i Facta et dicta memorabilia handlar om ei mengd typar hendingar med ulike titlar. Den fyrste boka tek for seg religiøse ritar, den andre sosiale institusjonar, og den tredje til sjette dydar. Den sjuande verker ikkje som å ha noko felles tema.[2] Døma som blir teke opp i bøkene er oppdelte i romerske og utanlandske.[3][4] Maximus nytta Cicero, Livius, Sallustius, Pompejus Trogus og òg Nepos som kjelder.[3] Verket hans blir ikkje sett på som å ha nokon stor litterær verdi, men det tok vare på mange historiske opplysningar som elles ville blitt tapte.[3][4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads