Vandrarmunk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vandrarmunk er ein type asket som er kjend frå ulike religionar. Dei er kjende både frå tidleg kristendom (peregrinatio propter Deum/Christum) og frå buddhismen og hinduismen. Som vandringsmunkar kan også misjonærar og omreisande predikantar reisa rundt som følgje av trua si, men føremålet er gjerne å spreia ideane om trua si framfor askese.


Remove ads
I kristendommen
Frå tidleg kristendom var det omdiskutert kvar munkar skulle halda til. Nokre av dei søkte askese i heimløyse og vandra frå stad til stad, medan andre avviste fri vandring som uverdig og prisa stadband (stabilitas loci).
For den keltiske kyrkja var heimløyse (peregrinatio) ein viktig faktor i askesen som påverka heile historia i Europa: mange europeiske land blei kristna av irske vandrarmunkar. Askesen omfatta å lita på Guds forsyn og å avstå frå tryggleiken frå sosiale band. Med Kristi og dei tolv apostlane hans som føredøme la dei ut på reiser. Med bakgrunn i dette kom Columbanus den yngre, driven av vandringsidealet, til området som i dag utgjer Frankrike.[1]
I katolisismen blei derimot den frie vandringa til munkar sett på som å fremja umoral, og blei snart ikkje praktisert. Seinare fekk munkane forbod mot å forlate klostera sine, for eksempel på kyrkjemøtet i Agde i 507.[2] Benediktinarregelen kritiserte også vandrarmunkar som «slavar av sin eigen vilje og ønskene til ganen.»[3]
Remove ads
I austlege tradisjonar
Utdjupande artikkel for dette emnet er Sadhu.
Allereie kring 1200 fvt. nemner Rigveda i boka X keshi, ein taus asket som var ukjemma og naken. Denne asketen «er heime frå hav til hav, frå aust til vest». Desse tidlege munkar var altså heime overalt og hadde ikkje nokon fast heim.[4]
I hinduismen, buddhismen og djainismen i dag er det framleis vanleg med omreisande munkar. Dei får typisk ikkje bu lenge på ein stad, for å ikkje knyta sosiale kontakter. Slike munkar har òg inspirert nokre kristne til eit slikt vandringsliv.[5]
Remove ads
Kjende vandrarmunkar
I kristendommen
- Brendan sjøfararen
- Heilage Kolumba
- Columbanus
- Erhard frå Regensburg
- Emmeram frå Regensburg
- Heilage Gallus
- Korbinian
- Pirminius
- Rupert frå Salzburg
- Totnan
- Heilage Kolonat
- Heilage Koloman
- Fridolin von Säckingen
- Johannes Moschos
- Heilage Kilian
- Dominikus frå Sora
I buddhismen
- Anagarika Dharmapala
- Claude AnShin Thomas
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads