Vannevar Bush
amerikansk forskar og ingeniør From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vannevar Bush (11. mars 1890–28. juni 1974) var ein amerikansk forskar og ingeniør som er kjent for arbeidet sitt innan analoge reknemaskinar, den politiske rolla si i utviklinga av atombomba og ideen om hypertekst. Han var vitskapleg rådgjevar for president Roosevelt.
Bush var direktør for Office of Scientific Research and Development (OSRD) 1941–1947, og hadde dermed ansvaret for å koordinere all amerikansk krigsrelatert forsking under andre verdskrigen. Eit av prosjekta til OSRD vart forløparen til Manhattanprosjektet, som seinare utvikla dei første kjernefysiske våpena.
Bush har ei sentral rolle i historia til hyperteksten. Artikkelen hans As We May Think, publisert i The Atlantic Monthly i juli 1945, der han skildrar det teoretiske hypertekstsystemet Memex, er opphavet til ideen om hypertekst. Systemet vart aldri implementert, men la grunnlaget for seinare forsking, og har mange likskapstrekk med World Wide Web.
Remove ads
Sjå òg
- Kjernefysiske våpen
- HTMLs historie
- Memex
- As We May Think
- World Wide Web
- Oslo Analyzer
- Hypertekst
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vannevar Bush» frå Wikipedia på bokmål, den 6. november 2013.
Bakgrunnsstoff
- Hjemmesiden til «Vannevar Bush Award»
- Artikkel om Vannevar Bush på fagbladet for forskningspolitikk Arkivert 2005-05-25 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads