Vanse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vanse er ein tettstad i Farsund kommune i Agder med 2 057 innbyggjarar per 1. januar 2024. Vanse ligg på Listahalvøya, om lag seks kilometer vest for Farsund bysentrum.
Remove ads
Norsk-amerikansk kultur
I perioden frå 1890-talet til eit stykke ut på 1960-talet reiste tusenvis av listelendingar over Atlanterhavet til Amerika. Dei fleste drog til austkysten, blant anna til New York-området, der dei arbeiddee som hushjelpar, sjøfok og snikkarar. Etter månader eller år, og eitt eller fleire opphald, drog mange av dei heim att. Dette var med å seja preg på Lista.[1]
Brooklyn Square
Foto: 2016
Brooklyn Square er ei gate på Bryne i Vanse sentrum; mellom fylkesveg 651 og Abraham Berges vei.[2] Gata har namn etter Brooklyn i New York, og er den fyrste offisielle amerikanske adressa i Noreg.[3] Her ligg Trunken, ein butikk som sel amerikanske varer. Han opna 25. desember 2004.[4] Ved sida av Trunken ligg restauranten 8th Avenue, som er inspirert av New York på 50- og 60-talet.[5] Til jul blir gata pynta på amerikansk vis.[6] 29. oktober 2011 blei Farsund kommune vennskapsby med Bay Ridge Neighborhood i Brooklyn i New York.[7]
American festival
American festival er ein festival som er blitt halden årleg den siste helga i juni sidan 2007. Han avløyste den tidlegare Listafestivalen. Festivalen er fyrst og fremst ei feiring av det norske Amerika og banda mellom Lista og USA. Han har som målsetnad å visa fram norsk-amerikansk kultur og samtidig setja Farsund og regionen på kartet.[8] Sommaren 2015 vitja 20 000 folk i løpet av festivalhelga.[9] Selvaagparken på Bryne blir også brukt aktivt under festivaldagane.[10]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads