Vardim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vardim (bulgarsk остров Вардим, ostrov Vardim) er den tredje største bulgarske øya i Donau, like i nærleiken av landsbyen Vardim i Svisjtov kommune i provinsen Veliko Tărnovo). Ho er del av eit verna våtmarksområde der sjeldne fugleartar hekkar.
Remove ads
Biologisk mangfald
Bortsett frå Vardim-eika, ein spesiell hygrofil type sommareik, finst det andre typar eik og alm på Vardim øy, i tillegg til kvitpil, sølvpoppel, svart akasie, svartpoppel og klosterklokke.[1]
Øya er ein av dei fem viktigaste hekkeområda i landet for storskarv, natthegre og skeistork, og dermed eit viktig internasjonalt ornitologisk område. Totalt hekkar 21 fugleartar, som er verna i landet, på øya.[2] Av 75 fugleartar på Vardim er 31 av dei viktige i Europa. Ein kan mellom anna sjå havørn på øya, og fram til 1985 mellom anna bronseibis og dvergskarv.
For å verne den naturlege Vardim-eika og dei mange vadefuglane, vart området eit naturreservat 5. mars 1971. Reservatet dekkjer eit området på 0,718 km², der 0,646 km² er dekt av skog. 2. juli 1998 vart området omkategorisert som eit verna område med eit areal på 0,987 km².
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
