Variegering

From Wikipedia, the free encyclopedia

Variegering
Remove ads

Variegering er ein type utsjånad på plantar der blad, blomar og til tider også stenglar og frukter har ulike fargesoner, og gir ein flekkete, stripete eller lappete utsjånad. Farga på plantane varierer frå ein litt lysare utgåve av den naturlege fargen til gul, kvit eller heilt andre fargar som raud og rosa.[1] Dette er forårsaka av ulike nivå og typar av pigment, som klorofyll i blada.[2] Variasjonen kan koma av genetiske mutasjonar som påverkar pigmentproduksjonen, eller av virusinfeksjonar frå mellom anna mosaikkvirus.[3] Mange plantar har òg naturleg variegering, som Goeppertia insignis. Dei fleste av desse er urter eller klatreplantar, og er som oftast arter frå tropiske regnskogar.[4]

Thumb
Cheilocostus speciosus 'Variegatus'

Mange arter som normalt ikkje er variegerte kan utvikla variegering i visse høve. Ein slik utsjånad kan vera ettertrakta for plantesamlarar, og mange slike plantar blir formeira og selde som unike kultivarar.[1] Hjå individ der variegering skjer i celler som normalt driv fotosyntese kan mangelen på fungerande kloroplastar senka veksetempoet.[2] Omvendt dreg naturleg variegerte plantar nytte av utsjånaden sin, som forbetra fotosyntetisk effektivitet under dårleg lys og avvising av planteetarar.[5][6]

Thumb
Variegering på frukt og ved hjå Ficus carica ‘Panascè’, ein tofarga (gul-grøn) utbreidd fikenkultivar. Denne italienske kultivaren er ein kimære.
Remove ads

Nomenklatur

Termen «variegata» i kursiv, som den andre delen av det latinske viskaplege namnet til ein ein art tyder at han finst i naturen med variegering (Aloe variegata). Den mykje meir vanlege bruken av «Variegata», ikkje i kursiv, som det tredje elementet i eit namn viser til ein variegert kultivar av ein art som normalt ikkje er variegert (t.d. Aucuba japonica 'Variegeta'). Men ikkje alle variegerte plantar har denne latinske nemninga, til dømes har mange kultivarar av Pelargonium ein del sonevariasjon i fargen på blada sine utan å heita «Variegata». Andre former for variegering kan vera indikert gjennom namn, til dømes Daphne odora 'Aureomarginata', som har gule kantar på blada.

Remove ads

Pigmentering

Thumb
Blad av raudkløver (Trifolium pratense) har ei typisk v-forma variegering.

Ei vanleg årsak til variegering er maskering av grønt pigment av andre pigment, som anthocyanin. Dette strekkar seg ofte ut til heile blada, og gjer at dei blir raudlege eller purpurfarga. På nokre planter oppstår det jamne sonemarkeringar; som på nokre typar kløver, ananasartar, visse Pelargonium- og Oxalis-arter. På andre, som dei vanleg dyrka formene av Coleus, kan variegeringa variera mykje i ein populasjon. I nøkkerosa Nymphaea lotus er bladvariegering synleg under intens opplysing.

Remove ads

Forsvarsmaskering

Det er blitt føreslått at nokre mønster av variegerte blad kan vera ein del av ein defensiv maskaringsstrategi.[7] I samband med dette kan bladvariegering gjeva eit insekt som et blad inntrykk av at blada allereie er infesterte, og dette kan redusera parasittisering av blada.[8]

Bruk

Thumb
Variegerte blad nytta i ein engelsk hage. Plantane i bildet er mellom anna Aralia elata 'Aureovariegata' og Carex ornithopoda 'Variegata'.
Thumb
Potteplanten Dracaena Surculosa ‘Milky Way’

Varigerte plantar har lenge vore verdsette innan hagebruk, for den vanlegvis lysare variegeringa kan «løfta» det som elles ville vore blokker av berre grøne blad. Mange hageforeiningar har spesialiserte variegerte plantegrupper, som det britiske Hardy Plant Society si Variated Plant Special Interest Group.

I 2020 blei ein variegert Rhaphidophora tetrasperma-plante seld på auksjon for 5 300 dollar.[9] I juni 2021 blei ein annan variegert Rhaphidophora tetrasperma selt på auksjon for 19 297 dollar.[10]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads