Varselfarge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Varselfargar er sterke, iaugefallande fargar som signaliserer at eit dyr er giftig, farleg eller uetande. Dei er særleg vanlege hjå insekt, ei gruppe som jo er svært artsrik – men finst òg hos m.a. slangar, frosk,[1] padder og pattedyr. Det finst flest dyr med varselfargar i tropane, men ein finn òg mange på høgare breiddegradar. Mest kjent i Noreg er nok dei svarte og gule stikkvepsane. Også marihøner – som skil ut ei gul væske som fuglar set lite pris på – har varselfargar. Varselfargar fungerer i høve til predatorar som jagar eller orienterer seg ved hjelp av synet, t.d. fuglar, og dei finst vesentleg hos dagaktive dyr. I høve til dyr som maur og flaggermus har dei liten eller ingen verknad.



Remove ads
Ikkje alle sterke fargar er varselfargar
Det finst fleire typar sterke fargar som ikkje er varselfargar:
- Mange fuglar i tropiske regnskogar har sterke fargar, ofte vakkert metalliske, men desse gjer dei ofte godt kamuflerte i dei naturlege miljøa deira. Det same gjeld nokre tempererte dyr, som grøn lauvgrashoppe.
- Ein del hanndyr har sterke fargar, særleg i paringstida, for å lokka til seg hoer.
- Mange dyr med sterke fargar etterliknar giftige, uetande eller farlege dyr med varselfargar (batesisk mimikry). Stikkvepsane blir etterlikna av blomsterfluger, glasvenger, ein del graveveps (t.d. biulven) m.fl.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads