Vasilij D. Kuznetsov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vasilij D. Kuznetsov
Remove ads

Vasilij Dmitrijevitsj Kuznetsov (7. februar 19326. august 2001) var ein russisk friidrettsutøvar frå Kalikino i Rjazan oblast som representerte Sovjetunionen. Han vann gullmedaljen i tikamp i tre etterfylgjande europameisterskap i friidrett, samt to bronsemdaljar i same i OL 1956 og 1960.

Kjappe fakta
Thumb
Grava til Kuznetsov i Moskva
Remove ads

Aktiv

Kuznetsov var i eit tiår den klart beste europeiske mangekjemparen. Han vart fyrste gongen europameister i tikamp i Bern i 1954, og forsvarte EM-tittelen i Stockholm 1958 og Beograd 1962. Kuznetsov er den einaste utøvaren som har vunne tikampøvinga i tre europameisterskap. I 1956 vann han bronsemedaljen under Sommar-OL i Melbourne, fire år seinare kopierte han prestasjonen då sommarleikane fann stad i Roma. I 1964 vart han nummer sju under OL i Tokyo.

Den 18. mai 1958 i Krasnodar forbetra Kuznetsov verdsrekorden i tikamp til 8 014 poeng (7 653 poeng etter gjeldande poengtabell). Rafer Johnson frå USA tok tilbake verdsrekorden i slutten av juli same året, før Kuznetsov den 17. mai 1959 oppnådde 8 357 poeng (=7 839 p). Verdsrekorden beheldt han til Johnson i juli 1960 vart USA-meister i tikamp.

Kuznetsov var vitskapleg medarbeidar på sportsuniversitet i Moskva. Han døydde der i byen av kreft, 69 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads