Vassborne sjukdommar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vassborne sjukdommar er sjukdommar som kjem av patogene mikroorganismar som vert overførte direkte når ein drikk vatn med smitte i. Dessutan kan inntak av dei same bakteriane vere kjelde til matforgifting dersom ein brukar vatnet i matlaging. Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) utgjer diarésjukdommar omtrent 4,1 % av sjukdommane i verda – gjennom målet «Global burden of disease» (GBD) – og dei er årsak til 1,8 millionar dødsfall kvart år. Eit overslag viser at 88 % av dette igjen skuldast dårleg vassforsyning, hygiene og sanitære forhold, og at ein finn det mest hyppig hjå born i utviklingsland.[1] Vassborne sjukdommar kan kome av protozoar, virus eller bakteriar, og mange av dei er tarmparasittar.
Til og med før ein hadde oppdaga bakterieteorien var det vanleg praksis å sverje til øl, vin og te i staden for vatne. Om karavanane som kryssa Sentral-Asia langs silkevegen, skriv oppdagaren Owen Lattimore at: «Grunnen til at vi drakk så mykje te, var det dårlege vatnet. Reint vatn, ukokt, drikk ein aldri. Det finst ei overtru om at det fører til blemmer på føtene.»[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads