Vassdalsvik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vassdalsvik er ei lita grend og ferjestad i Meløy kommune i Nordland fylke. Frå Vassdalsvik går det ferjerute i Torghatten Nord sitt samband Ørnes-Vassdalsvik-Meløysund-Bolga-Støtt. Ferja har anløp av Vassdalsvik fleire gonger dagleg. Dei som bur i Vassdalsvik har i dag postadresse Engavågen, fram til 1. september 1988 fanst det postopneri på staden med postnummer 8173.[1] I 2024 var folketalet 41 personar.
Remove ads
Historie
Kommunikasjon
I 1912 fekk Vassdalsvik bygd det første dampskipskaiet i kommunen.[2] I 1967 kom det fergekai og bilferge i ruta Ørnes - Vassdalsvik - Ågskardet vart sett i drift, med det var det første vegsambandet med fergedrift mellom nord- og sørbygda i Meløy kommune kommet i gang.[3]
Næringsliv
Vassdal Mølle vart etablert rundt år 1900, kornmølla vart elektrifisert i 1907 med strøm frå eiget kraftverk. Kundegrunnlaget var Nordland fylke, men under første verdskrigen blei det i tillegg malt kort for staten. Det årlege kornvolumet som ble malt i Vassdalsvik var i 1938 ca. 60 000 tonn, dette gjorde ut for 15 % av alt korn som blei malt i landet det året. Etter andre verdskrigen fall grunnlaget for drifta, og verksemda blei avvikla i 1952.[2]
Storks skofabrikk blei etablert ca. 1926, men fabrikkbygninga stod ferdig først mot slutten av 1937. På det meste var 5-6 personar tilsett med produksjon av tresko. Den siste kunden var Norsk Jernverk, då drifta opphøyrde tidleg i 1977. Same året vart Nordanett AS etablert i fabrikklokala med produksjon av not og trålline med ca. 20 tilsette.[4] Nordanett fekk kommunen sin næringspris i 1994.[5]
Fiskeri: I perioden etter andre verdskrigen til midten av 1980-talet deltok båtar frå Vassdalsvik på sildefiske langs norskekysten og ved Island og Jan Mayen, og på loddefiske ved Finnmark. Til dømes var det eit år utrusta fem båtar frå Vassdalsvik med samla mannskapstal på over 100.[6]
Folketalsutvikling
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads