Vassmerke i papir

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vassmerke i papir
Remove ads

Vassmerke er nemninga på merke som er pressa inn i finare typar papir under tillaginga av papiret, og som vanlegvis berre er synleg når ljoset får gå gjennom papiret. Merket er eigenleg laga som ein variasjon i tjukkleiken på papiret ved at ein rull med stempel på ligg over papiret under produksjonsprosessen medan papiret berre er ei våt masse, det vil seie medan papiret ligg på det filtbandet i papirmaskina som vert kalla vire. Men teknikken skriv seg frå tida då papir vert laga for hand, og vart finne opp på slutten av 1200-talet i Fabriano i Italia. Vassmerkinga skulle opphavleg markere kvaliteten på papiret og kven som hadde framstilt det. Men slike merke er òg effektive verkemiddel mot forfalskingar av verdepapir av ymse slag, og er soleis framleis nytta på til dømes pengesetlar.

Thumb
Vassmerke i papiret på ein 10-eurosetel, synleg på det nedre av dei to fotografia.
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads