Vassrikse

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Vassrikse
Remove ads

Vassrikse (Rallus aquaticus) er ein liten fugl i riksefamilien. Fuglen vert 25 til 30 cm lang og veg 100 til 190 gram. Vingespennet er frå 40 til 45 cm og stjerten er kort.

Kjappe fakta

Vassrikse hekkar spreitt og fåtalig i sørlege delar av Austlandet og langs kysten nord til Møre og Romsdal.[2] Noreg ligg i nordkanten av utbreiingsområdet i Europa, og vi har berre ein liten randbestand her i landet. Han hekkar i næringsrike ferskvatn med mykje vegetasjon, særleg lokalitetar med mykje takrøyr. Arten er altetar. Vassriksa overvintrar i Vest-Europa og Middelhavslanda, men kan òg halda til vinteren langs norskekysten. Studiar ved hjelp av ringmerking og lysloggere viser at vassriksa har ei relativt kompleks trekkåtferd.[1]

Mange av individa som overvintrar på Sørlandet kom frå hekkebestander rundt Austersjøen, medan ein enkelt lokal hekkefugl overvintra i Nord-Italia. Nokre individ fanst likevel òg på Sørlandet året rundt. Studiet viste dessutan at vassriksa kan hekka fleire gangar på ulike lokalitetar i løpet av den same hekkesesongen.[1]

Vassrikse finst nord i Afrika, i det meste av Europa og i Asia. Fuglen trivst i våtmark, og kan leggje opp til eit dusin egg.

Vassrikse lever av småfisk, krepsdyr, blautdyr og insekt.

Remove ads

Raudlistevurdering

Konklusjon: Vassrikse blir vurdert til rødlistekategori sterkt trua EN, på bakgrunn av bestandsestimater og basert på kriteriet D1 (50-250 individ), men midtpunktet av bestandsestimatet (240 individ) ligg heilt i øvre grense for denne kategorien. Arten blir nedgradert til sårbar VU° grunna solid og stabil bestand i Sverige. Dette gir moglegheit for reetablering dersom arten i periodar skulle forsvinna frå Noreg. Det er likevel behov for kunnskap om bestandsutviklinga i åra framover.[1]

Thumb
Vassrikse, fotografert i Frankrike
Thumb
Vassrikse-egg
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads