Vaxholm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vaxholm er ein by og kommunesenter i Vaxholm kommun i Stockholms län i Sverige. Han ligg i Stockholms skjergard. Namnet Vaxholm kjem frå Vaxholm slott, som vart bygt i 1549 på ein holme ved innløpet til Stockholm av kong Gustav Vasa.
Av historiske årsaker har Vaxholm alltid vorte kalla ein «stad» (by), trass i at han har hatt få innbyggjarar. I 2010 budde det 4857 innbyggjarar her. Vaxholm kommun vert derfor ofte kalla Vaxholms stad og omfattar 64 holmar i skjergarden.
Remove ads
Historie

Byen Vaxholm vart grunnlagd i 1558, då kong Gustav Vasa kjøpte nokre gardar her frå grev Per Brahe den eldre. Han fekk seinare rettar som kjøpstad (köping) og i 1652 fekk han kongeleg privilegium.
På 1800-talet voks byen lite. I 1880-åra vart han ein populær kurstad og det vart bygd mange sommarhus her av folk frå Stockholm.
Det var først i 1912 at ein tillegg husa i byen å verte bygd frå andre material enn tre, noko som har gjeve byen ein særeigen utsjånad.
Remove ads
Galleri

- Norrskär, ein klassisk Waxholmsbåt
- Vaxholms kastell
- kyrkja
- Vaxholms Norrhamn
- Den provisoriska klockstapeln
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads