Veleka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Veleka (bulgarsk Велека) er ei elv i søraustlege delar av Bulgaria og nordaust i den europeiske delen av Tyrkia. Ho er 147 km lang, der 123 km renn i Bulgaria, og har sitt utspring i fleire karstkjelder i den tyrkiske delen av fjellet Strandzja (İstranca) og munnar ut i Svartehavet ved den bulgarske landsbyen Sinemorets.

Nær kjelda er elva frå 8 til 10 meter brei, og har eit djup på 2 til 4 meter. Ved munningen er Veleka 50 meter brei og opp til 7-8 meter djup.
Området nær Veleka har rikt dyre- og planteliv, med meir enn 30 artar av ferskvassfisk, der den viktigaste er årbuk. Fem utryddingstrua dyreartar held til i elva, i tillegg til fleire regionalt viktige planteartar.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Veleka» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads