Velle Espeland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Velle Espeland
Remove ads

Velle Nils Espeland (6. juli 194510. januar 2024) var ein norsk folklorist, skribent, teikneserieomsetjar og dagleg leiar i Norsk visearkiv.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Espeland tok eksamen artium på Gudbrandsdal gymnas i 1964.[1] Etter dette studerte han folkloristikk ved Universitetet i Oslo.[1] Han leverte tok magistergraden med avhandlinga Folkesong i Bjerkreim i 1974, og same året vart han tilsett ved Institutt for kulturstudier. Der underviste han i 30 år, frå 1974 til 2003.[1]

Han var dagleg leiar i Norsk visearkiv sidan stiftinga vart skipa i 1983[1] for å samla kunnskap om norsk visetradisjon.[2] Her gjekk han inn for å samla ikkje berre tekst og melodi, men også kontekst og syngemåtar for songane.[2] Interessefelta hans her femna om folkeviser, skillingsviser og balladar], i tillegg til arbeidssongar og bornesongar.[1] Han var også særskild interessert i kvardagssong som song i dusjen, allsong og annan ikkje-profesjonell og ikkje-organisert song.[2]

Velle Espeland forfatta fleire artiklar og bøker om emna folkeminnevitskap og kulturhistorie. Emnet spøkjelse og liknande vesen er eit typisk emne for han, noko som viser seg gjennom barneboka frå 1999, Den store boka om spøkelse og faktaboka frå 2002, Spøkelse! Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie.[1]

Som omsetjar omsette Espeland teikneseriar som Sprint og Spiralis. Saman med broren sin, Gard Espeland, skreiv han tekst til julehefte som Smørbukk og Tuss og Troll.[1]

I 2014 blei han tildelt RFF-prisen for den store innsatsen sin ved Norsk visearkiv.[2]

Remove ads

Bibliografi

  • 1974 – Svartbok frå Gudbrandsdalen. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 110 (Oslo: Universitetsforlaget)
  • 1973 – Folkloristisk lesebok. Pensumantologi for folkeminnestudentar (Oslo: Universitetet i Oslo, Institutt for folkeminnevitskap. Saman med Helge A. Wold).
  • 1981 – Blow Boys Blow. Sjanties frå Diderik Brochmanns samlingar. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 123 (Oslo: Tiden Norsk Forlag).
  • 1982 – 100 gåter (Oslo: Tiden).
  • 1990 – Tippoldemors oppskrifter. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 133 (Oslo: Aschehoug).
  • 1999 – Den store boka om spøkelse (Oslo: Omnipax. Saman med Mikael Holmberg).
  • 2000 – Julenissen og andre nissar (Oslo: Omnipax).
  • 2002 – Spøkelse! Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie (Oslo: Humanist forlag)
  • 2003 – Ingen fred i grava og andre nifse spøkelseshistorier (Oslo: Samlaget. Saman med Gard Espeland).
  • 2005 – Helgener: mirakelmakere og idoler (Oslo: Humanist forlag)
  • 2005 – Norske hexeformularer og magiske opskrifter (Oslo: KA Forlag. Ny utgåve med føreord og register ved Velle Espeland. Opphavleg skriven av Anton Christian Bang).
  • 2007 – Norsk by- og bygdesongbok (Oslo: Samlaget, red.)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads