Venceslaus Ulricus Hammershaimb

From Wikipedia, the free encyclopedia

Venceslaus Ulricus Hammershaimb
Remove ads

Venceslaus Ulricus Hammershaimb (25. mars 18198. april 1909), òg kjend som V. U. Hammershaimb eller Venzel Hammershaimb, var ein færøysk prest og filolog. Hammershaimb vert rekna som grunnleggjar av det noverande færøyske skriftspråket. Han ferda rundt på Færøyane og samla inn munnlege kvad og soger, dette vart grunnlaget for det moderne færøyske språket.[1] Slik kan han liknast med Ivar Aasen.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Thumb
Hammershaimb på eit frimerkje frå 1980.
Remove ads

Bakgrunn

Hammershaimb var av tysk ætt på farssida, men voks opp på Færøyane og kjende seg som færøying. Han vart utdanna som teolog i København der han vart kjend med den danske presten og filosofen Grundtvig, men busette seg på Færøyane i 1855, der han var prestStreymoy. Heile tida interesserte han seg for, og studerte, dei ulike dialektane av morsmålet sitt, færøysk. Han vart prost på Færøyane i 1867, og var på Lagtinget i tre periodar. Han budde med kona i Danmark frå 1878 til han døydde i København i 1909.

Thumb
Minnestein for Hammershaimb i Sandavágur.
Remove ads

Lingvistisk arbeid

I 1846 gav Hammershaimb ut ei bok om færøisk ortographie eller rettskriving. Denne boka har vore gjeldande for færøysk språkføring opp til vår tid. Skriftspråket la han sterkt opp til det norrøne utgangspunktet. Til slutt vart det eit kompromiss, som er akseptabelt for alle dei færøyske dialektane. I tillegg ligg ikkje skriftspråket alt for fjernt frå gamle tekstar, og andre nordiske språk.

Verk

Thumb
Første band av Hammershaimbs Færøsk Anthologi frå 1891.
  • 1848: Meddelelser fra en rejse på Færøerne 1847–48
  • 1851: Færøske kvæder I
  • 1855: Færøske kvæder II
  • 1884: Føroyingasøga útløgd úr íslendskum
  • 1891: Færøsk Anthologi I–II[2]

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads