Vendelrotslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vendelrotslekta (Valeriana) er ei planteslekt i kaprifolfamilien. Utbreiingsområdet for artane er på alle kontinent bortsett frå Antarktis, med sentrum for artsmangfald i Eurasia og Sør-Amerika, spesielt i Andesfjella. Slekta inneheld mange artar, inkludert to som finst i Noreg: legevendelrot, Valeriana officinalis L, og vendelrot, Valeriana sambucifolia.[1] Småvendelrot, Valeriana dioica L. er truleg utrydda frå Noreg.
Remove ads
Taksonomi
Slekta fekk namn av Carl von Linné etter den romerske keisaren Publius Licinius Valerianus som vart sagt å bruke planten som medisin.[2] Personnamnet til keisaren kjem frå Valeria og det latinske verbet valeo som betyr «å vere sterk», jamfør bruken i folkemedisin for behandling av nervøsitet og uro.[3]
32 tidlegare anerkjende slekter, inkludert Centranthus, Fedia og Plectritis, blir no rekna som synonym av Valeriana.[4] Artar i den tidlegare slekta Centranthus er uvanlege når dei har blomstrar med «vridingsretning», det vil seie at dei korkje har radiær eller bilateral symmetri.[5]
Remove ads
Botanikk
Artane i denne slekta er urteaktige og har vedaktige røter. Dei veks som klatreplantar med fine hår og trekopla, fjørforma blad med taggete kantar. Dei gjev ei sterk lukt når dei tørkar. Blomstrane deira blomstrar i kvastar.[6]
Artar
Per juli 2024 har Plants of the World Online godkjent over 435 artar og hybridar.
- legevendelrot
- V. montana
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads