Venelina Veneva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Venelina Veneva-Matejeva (fødd 13. juni 1974) er ein bulgarsk tidlegare høgdehoppar frå Ruse som vann sølvmedaljen i øvinga ved Friidretts-EM 2006. Ho deltok i internasjonale meisterskap over ein periode på 25 år.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Veneva debuterte ved verdsmeisterskapen 1991, men det var fyrst under Friidretts-EM 1998 ho markerte seg. Ho vart då nummer fem med eit hopp på 1,98 meter. År 2001 vart ho nummer 3 i innandørs-VM i Lisboa og ho kom fjerdeplass ved verdsmeisterskapen i Edmonton, i den siste tevlinga på same høgde som bronsevinnar Kajsa Bergqvist. Eit par månader før Edmonton-VM presterte Veneva livsbeste då ho 2. juni 2001 svinga seg over 2,04 meter under eit stemne i greske Kalamata. Under VM 2003 i Paris enda ho på atter på fjerdeplass.

Ved innandørs-EM 2005 i Madrid vart Nuneva nummer 3. Sommaren 2006 tok ho sølvmedaljen då europameisterskapen vart avvikla i Göteborg. Både ho og belgiske Tia Hellebaut hoppa 2,03 meter, Hellebaut vann gull ved å ta høgda i fyrste forsøk, Nuneva måtte ha to forsøk. Den 18. august 2006 i Zürich tangerte Veneva den personleg rekorden på 2,04 m.

Doping

Ein dopingkontroll i januar 2007 viste at Veneva hadde altfor mykje testosteron i kroppen.[1] Dermed vart ho stengt ute frå idrett i to år. Ho kom aldri tilbake på internasjonalt toppnivå.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads