Venio Losert
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Venio Losert (fødd 25. juli 1976) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Zavidovići. Han vart olympisk meister med Kroatia sitt landslag både under sommarleikane 1996 i Atlanta og 2004 i Athen. Han var målvakt.
Remove ads
Karriere
Landslagsspel
19 år gammal var Losert med då Kroatia i 1995 nådde finalen i verdsmeisterskapen på Island. Året etter sigra han og laget i handballturneringa ved dei olympiske leikane i Atlanta. Åtte år seinare vann han eit nytt OL-gull i Athen, Sidan var Losert med på å ta VM-sølv i 2005 og 2009, og OL-bronse i 2012. I tida frå 1995 til 2014 deltok han i 221 landskampar.
Klubbspel
Losert spelte på RK Zagreb då laget vann den kroatiske seriemeisterskapen og cupmeisterskapen åra frå 1994 til 1999. Perioden 1995-99 tok laget seg fire gongar til finalen i meisterligaen, alle enda med tap. Frå 1999 til 2009 var han aktiv i den spanske handballserien, fordelt på seks ulike lag. Lengst tid hadde han i Granollers, 2001-04, og i FC Barcelona, 2006-09. Størst suksess fekk han med Portland San Antonio der han vart seriemeister i 2005, og i Barcelona der han vann kongepokalen i 2007 og 2009. Frå desember 2009 gjorde Losert etter tur teneste i franske Créteil, spanske Ademar León og danske Kolding IF. I november 2012 flytta han til polske KS Kielce. Med Kielce vann han den polske serien og cupen i såvel 2013 som i 2014.
Merittar
- Handball-VM 1995 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike
- Handball-EM 1996 for menn: Nr 5
- Sommar-OL 1996: Gullmedalje, siger mot Sverige
- Handball-VM 2001 for menn: Nr 9
- Handball-EM 1998 for menn: Nr 8
- Handball-VM 1999 for menn: Nr 10
- Handball-EM 2000 for menn: Nr 6
- Handball-VM 2001 for menn: Nr 9
- Sommar-OL 2004: Gullmedalje, siger mot Tyskland
- Handball-VM 2005 for menn: Sølvmedalje, tap mot Spania
- Handball-EM 2006 for menn: Nr 4
- Handball-VM 2007 for menn: Nr 5
- Sommar-OL 2008: Nr 4
- Handball-VM 2009 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike
- Handball-EM 2012 for menn: Bronsemedalje
- Sommar-OL 2012: Bronsemedalje
- Handball-EM 2014 for menn: Nr 4
- Kroatisk seriemeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999 for RK Zagreb
- Kroatisk cupmeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999 for RK Zagreb
- Spansk seriemeister: 2005 for Portland San Antonio
- Spansk cupmeister: 2007 for FC Barcelona
- Polsk seriemeister: 2013 og 2014 for KS Kielce
- Polsk cupmeister: 2013 og 2014 for KS Kielce
- Finalist i EHF-meisterligaen: 1995 (tap mot Bidasoa), 1997, 1998, 1999 (tap mot Barcelona)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Venio Losert» frå Wikipedia på tysk, den 10. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Venio Losert» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads