Venusbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Venusbreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis. Han er 19 km lang og 11 km brei ved munningen og flyt aust og ut i George VI Sound som ligg mellom Keystone Cliffs og Triton Point. Kysten i nærleiken vart først sett frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935 og grovt kartlagt frå bilete tekne på denne flyturen av W.L.G. Joerg. Isbreen vart først kartlagt i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter planeten Venus, den andre planeten i solsystemet.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Venus Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads