Verdscupen i langrenn 1976
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn i 1976-sesongen omfatta 14 individuelle tevlingar og 5 stafettar, alle for menn. Tevlingane tok til 20. desember 1975 i og vart avslutta 13. mars 1976. Turneringa bestod av sju tevlingar over 15 kilometer, fire over 30 km og tre 50-kilometerar. Renna fann stad i Davos (2) i Sveits, Schonach og Reit im Winkl (2) i Vest-Tyskland, Kastelruth i Italia, Le Brassus (2) i Sveits, Ramsau (2) og Seefeld (3) i Austerrike, Falun (2) i Sverige, Lahti (2) i Finland og Oslo (2) i Noreg,
Juha Mieto frå Finland vann turneringa, like framom landsmannen Arto Koivisto og med norske Ivar Formo på tredjeplass. Formo vann tre av tevlingane, Koivisto og Sergej Saveljev to kvar. Thomas Magnusson, Oddvar Brå, Magne Myrmo, Gert-Dietmar Klause, Nikolaj Bazjukov, Juha Mieto og Sven-Åke Lundbäck sigra i kvar sitt verdscuprenn.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken 76. Dreyerbok Stavanger. 1976.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads