Sven-Åke Lundbäck
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sven-Åke Lundbäck (fødd 26. januar 1948) er ein svensk tidlegare langrennsløpar frå Töre i Norrbotten, og seinare idrettslærar i Luleå. Han vart olympiameister på 15 km i 1972 og verdsmeister på 50 km i 1978, siste gongen gjekk han også på det svenske stafettlaget som vart verdsmeistrar.
Lundbäck vann verdscupen i langrenn 1978 og vart sesongen etter nummer tre i same. Han tevla for Bergnäsets AIK og vart svensk meister ti gongar mellom 1971 og 1978.
Remove ads
Karriere
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- Vinter-OL 1972 i Sapporo: Gullmedalje på 15 km
- Ski-VM 1974 i Falun: Nr 4 på 50 km og nr 7 på 15 km
- Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Nr 16 på 50 km
- Ski-VM 1978 i Lahti: Gullmedalje både på 50 km og 4x10 km stafett, samt fjerdeplassar på 15 km og 30 km
- Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 8 på 50 km
Gullmedaljar i svenske meisterskap
- 1971: 30 km
- 1975: 30 km
- 1976: 15 km, 30 km og 50 km
- 1977: 30 km og 50 km
- 1978: 15 km, 30 km og 50 km
Lundbäck sigra i Vasaloppet i 1981.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Sven-Åke Lundbäck» frå Wikipedia på svensk, den 17. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
- (en) Sven-Åke Lundbäck – Profil og resultatoversikt hos FIS
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads