Verdscupen i langrenn 1988/Kvinner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for kvinner i 1988-sesongen omfatta 16 tevlingar, av dei 10 individuelle renn og 6 stafettar. Tevlingane tok til 13. desember 1987 og vart avslutta 27. mars 1988. Dei ti individuelle renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, fire over 10 km, to 20-kilometerar og ei tremil. Renna fann stad i La Clusaz i Frankrike, Bohinj i dåverande Jugoslavia, Reit im Winkl (2) i dåverande Vest-Tyskland, Leningrad (2) i dåverande Sovjetunionen, Toblach (2) i Italia, Calgary (4) i Canada, Falun i Sverige, Oslo i Noreg og Rovaniemi (2) i Finland.
Marjo Matikainen frå Finland vann FIS-pokalen for tredje gong i rad. Ho vann to av dei individuelle renna, det same gjorde Tamara Tikhonova frå Sovjetunionen. Marianne Dahlmo og Inger Helene Nybråten, begge Noreg, finske Marja-Liisa Kirvesniemi, austtyske Simone Greiner-Petter, Vida Vencienė, som representerte Sovjetunionen, og svenske Marie-Helene Westin, vann alle ei tevling kvar.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1987/88» frå Wikipedia på tysk, den 16. februar 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads