Verdscupen i langrenn 1992/Menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for menn i 1992-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 7. desember 1991 og vart avslutta 14. mars 1992. Dei 12 individuelle renna bestod av to tevlingar over 10 kilometer og like mange over høvesvis 15 km og 25 km, fire tremiler og to femmiler. Renna fann stad i Silver Star (2) i British Columbia, Thunder Bay i Ontario, begge i Canada. Etter nyår i Kavgolovo (2) i Russland, Cogne (2) i Italia, Albertville (5) i Frankrike, Lahti (2) i Finland, Funäsdalen (2) i Sverige og Vang i Noreg.
Norske Bjørn Dæhlie sikra seg FIS-pokalen, 2 poeng føre landsmannen Vegard Ulvang. Dei to utøvarane dominerte turneringa og vann høvesvis seks og fem enkeltrenn. Svensken Torgny Mogren var den einaste andre langrennaren som stod øvst på pallen etter ei individuell tevling.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup_1991/92» frå Wikipedia på tysk, den 6. desember 2020.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads