Giorgio Vanzetta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Giorgio Vanzetta (fødd 9. oktober 1959) er ein italiensk tidlegare langrennar frå Cavalese som vann OL-gull i 4 x 5 km stafett med Italia i 1994, og totalt seks VM- og OL-medaljar i tida 1985-94.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Vanzetta fekk sitt internasjonale gjennombrot under Ski-VM 1985, då han vart fjerdemann på 15 km og landsmannen Marco Albarello verdsmeister. Få dagar var dei same to med å vinne sølv i 4 x 10 km stafett. I mars 1986 kom Vanzetta for fyrste av tre gongar på pallen i eit verdscuprenn, han vart då nummer tre på 15 km i Lahti, om lag eit halvt minutt bak svenskane Torgny Mogren og Gunde Svan.

Under dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville sikra Vanzetta seg ein bronsemedalje både i jaktstarten og på femmila. I dei same leikane fekk han ei sølvmedalje i 4 x 10 km stafett, og året etter vann han sitt tredje stafettsølv i karrieren då VM 1993 fann stad i Falun. Den 22. februar 1994 gjekk Vanzetta den tredje etappen for italienske firemannslaget som vann gull i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1994Lillehammer, etter at Silvio Fauner spurtslo norske Bjørn Dæhlie på oppløpet. Maurilio De Zolt og Marco Albarello gjekk dei to fyrste etappane for Italia.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads