Verdscupen i langrenn 2000/Menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for menn i 2000-sesongen omfatta 19 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 27. november 1999 og vart avslutta 19. mars 2000. Dei 19 individuelle renna bestod av fire tevlingar over 10 kilometer, fem over 15 km, ein 20 km, tre tremiler, ei femmil, eit 72 km langt turrenn, samt seks sprint-tevlingar. Fem av stafettane var på 4 x 10 km, i tillegg kom ein vekslingsstafett.
Renna fann stad i Kiruna, Falun og Stockholm i Sverige, Asiago, Sappada og Bormio i Italia, Davos, Engelberg og Ulrichen i Sveits, Garmisch-Partenkirchen i Tyskland, Kitzbühel i Austerrike, Moskva i Russland, Nové Město na Moravě i Tsjekkia, Trondheim, Lillehammer og Oslo i Noreg, Lamoura-Mouthe i Frankrike og Lahti i Finland.
Johann Mühlegg, som representerte Spania, vart tildelt FIS-pokalen. Han sigra i fire tevlingar. Finske Jari Isometsä og norske Odd-Bjørn Hjelmeset vann tre renn kvar. Thomas Alsgaard gjekk til topps i to 15-kilometerar. Mika Myllylä, Erling Jevne, Frode Estil, Mikhail Ivanov, Harri Kirvesniemi, Fabio Maj, Peter Schlickenrider, Morten Brørs og Cristian Zorzi vann kvar si tevling.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1999/2000» frå Wikipedia på tysk, den 30. mars 2025.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads