Verdscupen i langrenn 2001/Menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for menn i 2000-sesongen omfatta 20 individuelle tevlingar og 4 stafettar. Tevlingane tok til 25. november 2000 og vart avslutta 25. mars 2001. Dei 20 individuelle renna bestod av tre tevlingar over 10 kilometer, fem over 15 km, ein 20 km, to tremiler, ei femmil, ein 60 km, samt sju sprint-tevlingar. To av stafettane var på 4 x 10 km og ein på 4 x 5 km, i tillegg kom ein vekslingsstafett.
Renna fann stad på Beitostølen og i Oslo i Noreg, Santa Caterina, Clusone, Brusson og Asiago i Italia, Davos og Engelberg i Sveits, Soldier Hollow i USA, Nové Město na Moravě i Tsjekkia, Otepää¨i Estland, Kavgolovo i Russland, Borlänge og Falun i Sverige og Kuopio i Finland.
Per Elofsson frå Sverige vann FIS-turneringa, framom fjorårsvinnar Johann Mühlegg. Elofsson vart fyrstemann i seks verdscuprenn. Norske Thomas Alsgaard sigra i tre renn, og Odd-Bjørn Hjelmeset i to tevlingar. Også Mühlegg vann to renn. Mika Myllylä, Mikhail Ivanov, Sergej Dolidovitsj, Jan Jacob Verdenius, Tor Arne Hetland, Morten Brørs og Cristian Zorzi vann kvar si tevling.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 2000/01» frå Wikipedia på tysk, den 30. mars 2025.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads