Vered Yeriho
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vered Yeriho (hebraisk skrift וֶרֶד יְרִיחוֹ) er ein moshav og israelsk busetjing nær Jeriko i Jordandalen på den okkuperte Vestbreidda. Han er ein del av Megilot regionale kommune.
Samfunnet vart grunnlagd i 1979 då dei sekulære innbyggjarnae braut bort frå dei religiøse i Mitzpe Yeriho, ei busetjing som ligg vest for Vered Yeriho. Moshaven ligg på ein ås med utsyn over Akabat Jaber flyktningleir og Jeriko.
I 2008 hadde Vered Yeriho 130 innbyggjarar.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads