Veronica Kristiansen

norsk handballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Veronica Kristiansen
Remove ads

Veronica Egebakken Kristiansen (fødd 10. juli 1990) er ein norsk handballspelar som sidan sommaren 2019 har spelt for ungarske Győri ETO. I tida 2014-24 vann ho tre EM-gull, to VM-gull, OL-gull, VM-sølv og to OL-bronsar med det norske landslaget. Perioden 2013-24 deltok ho i 187 landskampar og skåra 595 mål.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Klubbspel

Kristiansen var Våg-spelar til 2011. Dei neste fire åra spelte ho på Glassverket IF, før ho sommaren 2015 melde seg til teneste for Midtjylland. Etter tre år i Danmark fekk ho kontrakt med Győri ETO, med den ungarske klubben vann ho IHF-meisterligaen 2019.

Landslagsspel

Kristiansen landslagsdebuterte 20. mars 2013 mot Danmark. Seinare i debutåret deltok ho i handball-VM 2013. Hausten 2014 vann Noreg EM 2014, der Kristiansen fekk bra med speletid på venstre rykkrom-plass. Ho var ein sentral spelar då Noreg vart verdsmeister i 2015, etter ein klar siger over Nederland i finalen. I året 2016 var ho i august månad med på å take OL-bronse under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro, og fire månader seinare vart ho europameister for andre gong, Nederland var også her motstandar i begge avslutningskampane.

Merittar landslag

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads