Very 'eavy... Very 'umble
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Very 'eavy... Very 'umble er debutalbumet åt det britiske rockebandet Uriah Heep. Det vart utgjeve i Dei amerikanske sambandsstatane som Uriah Heep. Albumet er kjent for å ha meir frekk blues enn dei fylgjande albuma åt gruppa.
Den vart kritisert av den allmenne pressa kort tid etter lanseringa, men har seinare vorte heidra som ein tidleg klassikar innan tungmetallsjangeren. Den hardaste kritikken var Rolling Stone Magazine omtalar Melissa Mills, som byrja omtalen sin slik: «Dersom denne gruppa gjer det bra må eg taka livet av meg, Heilt frå fyrste tone har ein ikkje lyst å høyra meir.».[1]
Plateomslaget er vokalisten David Byron sitt andlet tulla inn i spindelvev på svart grunn, for å skapa eit mørkare uttrykk.
Albumet vart spelt inn på ulike tidspunkt frå sumaren 1969 til april 1970, og lansert juni 1970. Opphavleg vart Very 'eavy... Very 'umble utgjeve igjennom plateselskapet Vertigo i Storbritannia – som på oppfylgjaren Salisbury – men begge blei fort gjenutgjeve av Bronze då bandet signerte for det selskapet.[2]
Gruppa har namnet sitt frå karakteren Uriah Heep i Charles Dickens-romanen David Copperfield. I boka nyttar Uriah Heep kvart høve til å stikke seg fram og fortelje at han er veldig audmjuk, very 'umble, og platetittelen er eit spel på det.
Remove ads
Innhald
- Komponistar med berre etternamn er eit bandmedlem
Opphavleg sporliste
Amerikansk utgjeving
Atterutgjevnad frå 1996
- Spor 9-11 er bonusspor
Atterutgjevnad frå 2003
- Spor 9-16 er bonusspor
Remove ads
Medverkande
|
|
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads