Tungmetall
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tungmetall er ei nemning brukt om metalliske grunnstoff med ein tettleik som er høgare enn 5 g/cm3, det vil seia minst 5 gonger større enn tettleiken til vatn. Stoffa er vanskelege å kvitta seg med og kan ikkje brytast ned til andre stoff, sidan dei er grunnstoff. Dei hopar seg derfor opp i organismar der dei kan gjera stor skade. Av desse grunnane blir mange tungmetall rekna som miljøgifter.
- For musikkforma, sjå heavy metal.

I miljøsamanheng reknar ein vanlegvis desse grunnstoffa som tungmetall: Arsen (As), bly (Pb), kadmium (Cd), kobolt (Co), kopar (Cu), krom (Cr), kvikksølv (Hg), nikkel (Ni), tinn (Sn), vanadium (V) og sink (Zn).
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads