Vest-Pommern
voivodskap i Polen From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vest-Pommern (polsk Województwo zachodniopomorskie eller berre Zachodniopomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordvest i Polen og grensar til Pommerske voivodskap i aust, Storpolske voivodskap i søraust, Lubusz-voivodskapet i sør, Tyskland (Mecklenburg-Vorpommern) i vest og Austersjøen i nord.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Szczecin og Koszalin, samt delar av tilstøytande voivodskap. Det er kalla opp etter den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Trass i namnet inneheld ikkje Vest-Pommern dei vestlegaste områda av den historiske regionen, som ligg i Tyskland (sjå Vorpommern).
Remove ads
Geografi

Vest-Pommern er det femte største voivodskapet i Polen ut frå flatevidd. Av dei største byane i regionen er hovudstaden Szczecin og Koszalin, Stargard Szczeciński og Świnoujście.
Kysten langs Austersjøen er eit populært turistområde med mange strender, innsjøar og skogområde. Szczecin og Świnoujście er viktige hamnebyar. Andre store byar ved sjøen er Międzyzdroje, Dziwnów, Kołobrzeg og Mielno.
Remove ads
Byar og landsbyar
Voivodskapet har 62 byar og landsbyar. Folketala i lista under er offisielle tal frå 2006 :[daud lenkje]
1. Szczecin (410 809) |
22. Myślibórz (11 867) |
43. Maszewo (3 073) |
Remove ads
Administrativ inndeling
Vest-Pommern er delt inn i 21 fylke (powiat) der tre av desse er byfylke og 18 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 114 kommunar (gmina).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads