Vestrefjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vestrefjorden er ein fjordarm av Midfjorden og Romsdalsfjorden i Haram kommune på Sunnmøre. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørover til garden Vestre. Bygda Vestrefjord ligg i denne fjorden.
Fjorden har innløp mellom Båtsteinen i vest og Eikeneset i aust. På austsida av fjorden ligg mellom anna gardane Eik og Byrkjevoll. På vestsida ligg garden Langset. Fylkesveg 661 går langs heile fjorden. Fjorden er i kring 400 m brei og største djupna er 26 m.
Langs fjorden kan ein sjå tydelege spor etter den siste istida. 40 de Geer-morener[1] ligg på rekkje og rad attmed heile fjorden.
Avgrensa av eit smalt sund, er den inste delen fjorden ein poll med brakkvatn. Her er store område tørrlagt ved fjøre sjø. Vidare utover fjorden har ein fleire fjordtersklar.
På våren er det vanleg at store mengde med sild kjem inn i Vestrefjorden under gytetida.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads