Vetlugaelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vetluga (russisk Ветлу́га; marisk Вӱтла – Vütla) er ei elv i den europeiske delen av Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 889 km lang og har eit nedslagsfelt på 39 000 km². Elva har ei middelvassføring på 255 m³/s.
Elva renn gjennom republikken Mari El og oblasta Nizjegorod, Kostroma og Kirov.
Elva spring ut frå Dei nordrussiske høgdene vest for Kirov, og ho munnar ut i Tsjeboksary-reservoaret i Volga nær byen Kozmodemjansk. Dei største sideelvane hennar er Usta og Vokhma. Elva er framkommeleg for båtar 700 km oppover elva.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vetluga (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads