Vikkeslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vikkeslekta (Vicia) er ei planteslekt i ertefamilien. Vikkeplantane er dekkfrøplantar, og som alle plantar har dei generasjonsveksling. Den grøne planta er den diploide sporofytten, medan den haploide gametofyttgenerasjonen ikkje er sjølvstendig, men sit på spporofytten og får næring frå han.
Remove ads
Skildring
Blada hjå vikkeplantane er forma som to rader av småblad som sit langs ein akse. Aksen har ofte ei kjelngjetråd i enden. Blomane sit einskildvis eller i klasar på aks som går ut frå bladhjørnet. Larvane hjå somme fivreld- og møllartar kan berre leve på einskilde vikkeartar.
Bruk
Somme vikkeplantar er mykje brukt som fôr til kvegdyr. Arten Vicia faba, eller hestebønne, vert eten av menneske.
Norske artar i vikkeslekta
- Tofrøvikke (Vicia hirsuta)
- Firfrøvikke (Vicia tetrasperma)
- Ertevikke (Vicia pisiformis)
- Skogvikke (Vicia sylvatica)
- Vestlandsvikke (Vicia orobus)
- Sørlandsvikke (Vicia cassubica)
- Fuglevikke (Vicia cracca)
- Luktvikke (Vicia tenuifolia)
- Lodnevikke (Vicia villosa)
- Gjerdevikke (Vicia sepium)
- Vårvikke (Vicia lathyroides)
- Gulvikke (Vicia lutea)
- Sommarvikke (Vicia angustifolia)
Remove ads
Kjelder
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads