Victoria av The Kinks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Victoria» er ein song av The Kinks skriven av Ray Davies. Han er opningsspor på konseptalbumet deira Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) frå 1969.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen har ein satirisk stil som Ray Davis hadde vorte kjend for med hitten «Dedicated Follower of Fashion» i 1966. Teksten set formyndarmentaliteten i Det britiske imperiet i viktoriatida, «Land of my Victoria/Land of hope and gloria», side om side med det barske livet i Storbritannia på 1800-talet, «Sex was bad and obscene/And the rich were so mean» og uttrykker korleis arbeidarklassen i landet smiska med dronninga, «Though I am poor, I am free/When I grow I shall fight/For this land I shall die».

Musikalsk startar songen med eit enkelt bluesriff og bygger seg opp til eit livleg klimaks med blåsarar og strykarar på «Land of hope and gloria»-mellomspelet. Avsluttinga består av blåsarar, tung rockegitar og korvokal frå Dave Davies og ein «psykedelisk» effekt med ei indiskliknande sekkepipe, som på singelen deira «See My Friends» frå 1965.

Singelen klarte ikkje å nå Topp 40 i USA, men nådde Topp 40 både i Storbritannia og Canada, og nådde Topp 10 i Sverige.

Remove ads

Andre utgåver

Ei utgåve av The Fall gjekk inn på Topp 40 i Storbritannia i 1988. Andre som har spelt songen er Cracker, Nomeansno og Sonic Youth.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads