Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) er eit konseptalbum av det engelske rockebandet The Kinks frå seint i 1969. Album kom ut etter ein tøff periode for bandet etter at det kritikarroste albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society frå året før og oppfølgjarsingelen «Plastic Man» selde dårleg, i tillegg til at bassisten Pete Quaife som var med å skipe bandet slutta. Låtskrivaren Ray Davies laga albumet som musikken til eit planlagt fjernsynsskodespel og hadde utarbeidd manuset til teateret i lag med Julian Mitchell. Mitchell har seinare forklart at dei hadde alt klart med skodespelarar og lokasjonar, men at produsenten av stykket møtte til produksjonsmøtet utan eit skikkeleg budsjett og stykket vart skrinlagt.

Meir informasjon The Kinks-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Professional ratings, Karakter ...

Historia er basert på svogeren til Davies, Arthur, som flytta frå England til Australia med kona Rose. Rose var den eldre systera til Ray og Dave Davies som var emnet i songen «Rosie Won't You Please Come Home» frå albumet Face to Face. Hovudkarakteren Arthur er ein teppeleggjar og albumet skildrar familien hans i England i etterkrigstida, då moglegheitene var få. Songane skildrar det England som Arthur ein gong kjende, lovnaden om eit betre liv i Australia for ein av sønene hans, tomheita i det overflatiske, komfortable livet hans, det britiske folket under den andre verdskrigen og dødsfallet til broren i den første verdskrigen. Mange av songane, som «Victoria» og «Brainwashed», er eit musikalsk steg tilbake til rock and roll-røtene som The Kinks stort sett hadde unngått i perioden 1966-1968.

Albumet vart kritikarrost då det kom ut, særleg i den amerikanske musikkpressa. Det vart samanlikna med den populære rockeoperaen Tommy av The Who og Hair: The American Tribal Love-Rock Musical, som kom tidlegare på året. Arthur selde moderat og den dårlege kommersielle trenden dei hadde hatt sidan 1968 såg ut til å vere snudd. Bandet la òg ut på turne att i USA seint i 1969, etter å ha vorte bannlyst frå å halde konsertar der dei siste fem åra.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Kinks
Produksjon
  • Lew Warburton blåse- og styrkearrangement
  • Andrew Hendriksen lydteknikar
  • Brian Humphries – lydteknikar på «Drivin'»
  • Bob Lawrie – plateomslag
  • Austin Sneller – omtalt som «albumtestar»
Remove ads

Salslister

Album

Meir informasjon År, Billboard ...

Singlar

Meir informasjon År, Tittel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads