Vigelandsanlegget

skulpturanlegg i Frognerparken From Wikipedia, the free encyclopedia

Vigelandsanleggetmap
Remove ads

59°55′38.676″N 10°41′59.680″E

Thumb
Monolitten, ei søyle lagd ei einaste blokk Iddefjordsgranitt med skulpturar som vart uthogde etter at steinblokka var frakta til staden, utgjer Vigelandsanleggets visuelle midtpunkt.
Thumb
Utsnitt av den aksen som Vigelandsanlegget et orientert etter. Brua med skulpturane i framgrunnen. Den vidgjetne vesle skulpturen Sinnataggen står i raden til venstre, om lag midtvegs på brua.
Thumb
Brua med skulpturar i Vigelandsparken.
Foto: Quistnix

Vigelandsanlegget er ein del av Frognerparken i Oslo. I parken er det om lag 200 skulpturar i bronse, granitt og smijern av kunstnaren Gustav Vigeland. Skulpturane er hovudsakelig plassert langs ein bein sentral akse innover i parken frå hovudporten i Kirkeveien, med granittskulpturen Monolitten kneisande som det visuelle midtpunktet. Dei fleste gipsmodellane til skulpturane er tekne vare på og stilde ut i Vigeland-museet i nærleiken av Frognerparken.

Vigelandsanlegget, som ofte vert omtalt som «Vigelandsparken»[1][2], er eigenleg ikkje ein sjølvstendig park, men namnet på den skulpturparken i Frognerparken som vart opparbeidd etter dei planane Gustav Vigeland stod attom, med blomerabattar og plenar, vegar, bru med dammar oppstraums og nedstraums, terassar, balustradar, smijarnsportar med ulike motiv og mykje anna.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads