Viktor Hartmann
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Viktor Aleksandrovitsj Hartmann (5. mai 1834–4. august 1873) var ein russisk arkitekt og målar. Han var knytt til den såkalla Abramtsevokolonien som på 1870- og 1880-talet hadde ei nasjonal orientering og var påverka av russisk folkekunst og av den bysantinske tradisjonen i Russland.
Remove ads
Liv og gjerning

Hartmann vart foreldrelaus i ung alder og voks opp i St. Petersburg hos ein onkel, ein i samtida kjend arkitekt. Han studerte ved det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg, og starta arbeidslivet som illustratør.
Ved sidan av kunstnaraktiviteten arbeidde han også som arkitekt. Mellom anna laga han skisser til Russlands 1 000-års monument i Novgorod, eit monument som vart avduka i 1862. Størstedelen av dei akvarellane og blyantteikningane han laga, vart til på utanlandsferder i åra mellom 1864 og 1868. Hartmann og Ivan Ropet skal ha vore dei fyrste kunstnarane som brukte tradisjonelle russiske motiv i arbeida sine.
Etter at Vladimir Stasov hadde introdusert Hartmann i krinsen rundt Milij Balakirev i 1870, vart han ein nær venn av komponisten Modest Musorgskij. Nokre månader etter Hartmann døydde, i februar og mars 1874, vart det halde ei utstilling med meir enn 400 av bileta hans i kunstakademiet i St. Petersburg. Utstillinga inspirerte Musorgskij til å komponere pianosuita Bilete på ei utstilling. Dei fleste arbeida frå denne utstillinga er i dag gått tapt.
Hartmann var fødd i St. Petersburg og døydde av aneurisme i Kirijevo ved Moskva.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Viktor Hartmann» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads