Vilde Frang
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vilde Frang Bjærke (fødd 19. august 1986) er ein norsk fiolinist frå Oslo.
Vilde Frang starta å spela fiolin fire år gamal, og allereie som tiåring var ho solist saman med Kringkastingsorkesteret. Som tolvåring vart ho med i Oslo-filharmonien, og i 2007 debuterte ho i London Philharmonic Orchestra. Forøvrig har ho spelt med ei lang rekkje europeiske orkester. Ho har studert ved Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo,[1] og sommaren 2010 avslutta ho masterstudiet sitt ved Kronberg Academy/Universitetet i Frankfurt.
Sommaren 2009 debuterte Frang som soloartist med cd-en Prokofiev & Sibelius: Violin Concertos. For denne plata vann ho Spellemannprisen 2009 i klassa klassisk. Den neste plata hennar kjem ut våren 2011 og inneheld verk av Edvard Grieg, Béla Bartók og Richard Strauss. Ho vart fyrste mottakar av Arve Tellefsens Musikerpris i 2010, og har også vunne Statoils talentstipend på éin million kroner.[2]
Remove ads
Prisar og utmerkingar
- Klæstads legat
- Leif Jørgensens Minnefond
- Norsk Tonekunstnersamfunds Ærespris
- Norsk Musikkforleggerforenings Ærespris
- Ånun Lund Rejs Minnefond
- Léonie Sonnings Musikfond 2003
- Ritter-Stiftung 2007
- Prins Eugens Kulturpris 2007
- Borletti-Buitoni Fellowship 2007
- Den Norske Solistprisen 2008 [3]
- Dronning Ingrids Hæderslegat 2009
- Spellemannprisen 2009 for Prokofiev & Sibelius; Violin Concertos
- Arve Tellefsens Musikerpris 2010 [4]
- Statoils talentstipend 2010
Remove ads
Kjelder
- Bokmålswikipedia om Vilde Frang, henta inn 16. februar 2011.
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads