Vilkaviškis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vilkaviškis
Remove ads

Vilkaviškis er ein by i Marijampolė fylke i Litauen. Han hadde 10 814 innbyggjarar i 2015.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Historie

Thumb
Utsyn over Vilkaviškis i 1916.

Vilkaviškis fekk byrettar i 1660 av kong Jan II Kasimir av Polen, som også var storhertug av Litauen. Byen er dermed ein av dei eldste i landet.[1][2]

Ifølgje jødiske overleveringar busette dei første jødane seg i området på 1300-talet, og på 1800-talet utgjorde dei over 80 % av innbyggjarane. Den jødiske folkesetnaden blei jaga og plaga av russiske og tyske styrkar under første verdskrigen, og delen av jødar hadde gått ned til rundt 40 % eller rundt 3 600 personar då andre verdskrigen braut ut. Desse blei totalt utsletta etter at nazistiske troppar okkuperte Vilkaviškis 22. juni 1941.[3]

Remove ads

Folk frå Vilkaviškis og nærområda

  • Jonas Basanavičius, nasjonalist-forkjempar
  • Sonia Gaskell (1904), dansar og koreograf
  • Vincas Kudirka, forfattaren av den litauiske nasjonalsongen
  • Marian Lalewicz, arkitekt
  • Miriam Markel-Mosessohn (1839-1920), hebraisk forfattar og omsetjar

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads