Vimpel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vimpel
Remove ads

Ein vimpel (frå lågtysk og nederlandsk, i slekt med norrønt vimpill, 'hovudtørkle') er eit langt, smalt flagg som ein kan henga opp frå offentlege og private flaggstenger for å vise vindretning, gje signal eller dekorera. Han har ofte nasjonalfargar. Vimplar er gjerne trekanta, eller kan vera forma som band og ha splitt.[1]

Thumb
Vimpel med norske nasjonalfargar
Thumb
Det samiske flagget som vimpel.

Vimpel i nasjonalfarger er rekna som meir uformelt enn nasjonalflagg, og ein kan ha dei heiste heile døgnet.[2]

I handelsflåten kan ein vimpel visa logoen til eit reiarlag og er hengt opp frå ein mastetopp.

Vimpel med splitt blir kalla ein stander og er eit kommandoteikn for krigsskip.

Remove ads

Annan bruk

Vimplar blir brukte i samband med ei form for rytmisk sportsgymnastikk som blir kalla vimpelgymnastikk. Utøvarane brukar ein eller fleire vimpler som handreiskapar.

Som supplement kan ein bruka handreiskapar tau, kjegler og ballar.

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads