Vinalopó

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vinalopómap
Remove ads

Vinalopó er ei lita elv i provinsen Alicante i Spania. Ho renn frå nord til sør og med ei lengd på 81 km er ho av dei lengste som berre renn innanfor denne provinsen.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Gamle historikarar meiner at elva er den same som Alebus, som vert nemnt av Avienus i hans Ora Maritima.

Tre comarcaer i Alicante er kalla opp etter elva: Vinalopó Alto, Vinalopó Medio og Baix Vinalopó, som tyder Øvre, Midtre og Nedre Vinalopó.

Kjelda til elva ligg i eit fjellområde nordvest i Alicante, mellom Bocairent og Banyeres de Mariola. Ho munnar ikkje direkte ut i Middelhavet, men gjennom fleire små acequiaer, som renn sør for Elche og ut i myrområda El Fondó naturpark og Salinas de Santa Pola naturpark.

Remove ads

Kjelder

38.720°N 0.626°W / 38.720; -0.626

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads