Vincent Jay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vincent Jay (fødd 18. mai 1985) er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Saint-Martin-de-Belleville i departementet Savoie. Han vart olympiameister på 10 km under Vinter-OL 2010, der han fylgde opp med å ta bronsen i jakstarten.
Jay sigra i to renn i verdscupen i skiskyting. Vinteren 2009 vann han 20 km normalprogram i Vancouver i Canada. Nær eitt år seinare overraska han med å vinne gullmedaljen på 10-kilometeren då dei olympiske vinterleikane fann stad i dei same kanadiske løypene. Dagen etter måtte han sjå seg forbigått av svenske Björn Ferry og Christoph Sumann frå Austerrike på jakstarten, men lukkast berge bronsemedaljen i tevlinga. Til sist i leikane vart Jay nummer 8 på fellesstarten. Han tok totalt 4 (2-0-2) individuelle pallplassar i verdcupen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vincent Jay» frå Wikipedia på tysk, den 19. mars 2019.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads