Vincenzo Cantiello

italiensk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Vincenzo Cantiello
Remove ads

Vincenzo Cantiello (fødd 25. august 2000 i Sant'Arpino) er ein italiensk songar.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Eurovision

Junior Eurovision Song Contest 2014

Cantiello vart vald internt av Radiotelevisione italiana til å representere Italia i Junior Eurovision Song Contest 2014 i MarsaMalta.[1] Han framførte songen «Tu primo grande amore» på italiensk og engelsk, og vann med 159 poeng; tolv frå barnejuryen, San Marino, Slovenia og Montenegro, ti frå Bulgaria, Kroatia, Kypros, Georgia, Ukraina og Malta, åtte frå Armenia, Serbia og Nederland, sju frå Sverige, seks frå Russland og to frå Kviterussland.[2][3] Songen er skriven av Alterisio Paoletti, Fabrizio Berlincioni, Leonardo de Amicis, Vincenzo Cantiello og Francesca Giuliano.[2]

Dette var fyrste gong Italia deltok i Junior Eurovision Song Contest, og fyrste gong eit land har vunne tevlinga same år som det debuterte.[3] Cantiello sørga òg for Italia sin fyrste siger i ein Eurovision-tevling siden Eurovision Song Contest 1990.

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads