Ving Norge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ving Norge er ein norsk reisearrangør som sel charterreiser og pakkereiser til utlandet, og dessutan flyreiser og hotellopphald.
Historie
Saga Tours, som sidan blei kjøpt opp av Ving, har arrangert pakkereiser sidan 1959. Dei fyrste charterturane var frå Noreg til Mallorca.[1] Marknadsnamnet Ving har vore i bruk sidan 1993. Før dette var namnet Vingreiser.
I dagens verksemd inngår fleire tidlegare kjende merkenamn: Saga Tours som starta med charterreiser i 1959. I 1970 vart Vingreiser etablert som turoperatør. I 1973 slo Saga Tours og Informa Solreiser seg saman og skapte Saga Solreiser. I 1989 kjøpte Vingreiser Saga Solreiser. I 1993 kjøpte Saga Solreiser selskapet Gullivers reiser.
Selskapet fekk Thomas Cook Nordic Holding Ab som eigar, og var del av det internasjonale konsernet Thomas Cook Group. Den 30. oktober 2019 blei den nordiske Ving-gruppa kjøpt opp av Petter Stordalen sitt føretak Strawberry Group, det svenske oppkjøpsfondet Altor og det britiske oppkjøpsfondet TDR Capital.[2][3]
Reisene vert selde via internett, telefon og samarbeidande reisebyrå i Noreg. Selskapet har rundt 70 tilsette og sender totalt 400 000 gjester ut i verda per år.[4] Ving har 35 % av chartermarknaden i Noreg.
I 2016 var Ving den største reisearrangøren i Noreg.[5]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads