Viotía
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Periferieininga Viotía (gresk Περιφερειακή ενότητα Βοιωτίας, Periferiakí enótita Viotías), òg kalla Boiotia, er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Hellas.[2] Hovudstaden er Livadiá. Den to største byane er dei om lag like store Livadiá og Thíva.
Viotía grensar til Vest-Attikí og Aust-Attikí i sør, Fthiótida i nord, Fokída i vest og til Korintbukta i sørvest. Utanfor kysten i nordaust ligg øya Évvia, bunde til fastlandet med to bruer, den eine i byen Khalkída og den andre noko sør for byen. Kring Khalkída høyrer eit stykke av fastlandet til periferieininga Évvia, medan Viotía når ut til havet på båe sider, i nord til Nord-Évvia-bukta, i sør til Sør-Évvia-bukta.
Remove ads
Geografi
I vest ligg fjellet Parnassós, der det einaste skisenteret i prefekturet ligg. I sørvest ligg Elikónas og i aust Párnitha.
Den lengste elva er Kifisós, som renn gjennom dei lågareliggande områda i den sentrale delen av Viotia. Kifisós rann tidlegare ut i Kopaídasjøen, men etter at denne vart tørrlagd, endar ho no i Ylíkisjøen.
Klima
Klimaet varierer frå svært varme somrar til milde og kjølige vintrar. Dei nordlege og austlege områda har størst sannsyn for å få skya vêr utover dagen. Områda over tusen meter har ofte kalde forhold med snø om vinteren.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Viotía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.[2]
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Remove ads
Referansar
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads