Korintbukta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Korintbukta er ei djup bukt i Det joniske havet i Hellas som skil Peloponnes frå det vestlege greske fastlandet. Ho grenser i aust til Korinteidet, der Korintkanalen går gjennom, og i vest til Ríosundet, som skil Korintbukta frå den ytre Pátrabukta ved neset Kapp Drépano, som på det smalaste vert kryssa av Río-Andírio-brua. Korintbukta er nesten heilt omgjeve av perierieiningane Etoloakarnanía og Fokída i nord, Viotía i nordaust, Attikí i aust, Korinthía i søraust og sør og Akhaía i sørvest. Bukta er eit av dei mest seismisk aktive i Europa.

I mellomalderen vart bukta kalla Lepantobukta. Her vart det tredje slaget ved Lepanto utkjempa i 1571, der den osmanske flåten vart øydelagd. I 1772 vart ein annan tyrkisk flåte øydelagd av russarane ved inngangen til bukta. Byen Lepanto heiter i dag Návpaktos.
Skipsruta mellom Aten og til hamner i resten av verda, inkludert Middelhavet, går gjennom bukta. Ferjesamband går mellom Éjo og Ájos Nikólaos i den vestlege delen av bukta.
Bukta er 130 km lang og mellom 8,4 og 32 km brei.
Remove ads
Geologi
Bukta vart danna gjennom utvidinga av ei tektonisk rift. Rifta utvidar seg framleis med 3 cm i året, og dei omliggande forkastingane er svært seismisk aktive.
Byar
Byar ved bukta er mellom anna
- Návpaktos (nordvest)
- Sergoúla, inga hamn, men strand.
- Glyfáda, inga hamn
- Spiliá, inga hamn
- Ájos Nikólaos (nord)
- Galaxídi (nord), lita hamn
- Itéa (nord), lita hamn
- Kírra (nord), inga hamn
- Ájos Vasílios, lita hamn
- Pórto Jermenó (Egósthena) (aust), lita hamn og strender
- Psátha, i aust, stor strand
- Alepokhóri, (søraust)
- Loutráki, inga hamn
- Korint (søraust)
- Kiáto, (søraust)
- Xylókastro (sør)
- Dervéni
- Kráthio (sørvest), inga hamn
- Diakoptó (sørvest), strand
- Éjo (sørvest)
- Pátra (søraust), stor hamn
- Lógos (sørvest)
- Ákoli (sørvest), strand
- Káto Rodiná (vest-sørvest)
- Psathópyrgos (vest)
Remove ads
Elvar
Følgjande elvar munnar ut i Korintbukta:
I nord
I sør
- Volinéos
- Sélemnos
- lita elv aust for Arakhovítika og Drépano
- Selinoúntas
- Vouraikós
- elv aust for Diakoptó
- Zakholítikos
- Asopós i Korinthía
- Sýthas ved Xylókastro
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads