Virulens
graden av patogenisitet i ei gruppe eller ein art av parasittar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Virulens, som definert av MeSH, er graden av patogenisitet i ei gruppe eller ein art av parasittar, som målt ved letaliteten og/eller evna organismen har til å infiltrere cellevev hjå verten. Patogensiteten til ein organisme - evna til å skape sjukdom - er bestemd av virulensfaktorane til organismen.[1] Substantivet virulens kjem frå adjektivet virulent. Virulent kan både skildre sjukdomsgraden og infektiviteten til eit patogen.[2] Ordet virulent stammar frå det latinske ordet virulentus, som tydar «eit forgifta sår» eller «full av gift».[2][3]
I økologien kan virulens definerast som det parasitt-induserte fitnesstapet til verten. Virulens kan sjåast på med proksimate årsaker — dei spesifikke trekka i patogenet som fører til at verten vert sjuk — og ultimate årsaker — det evolusjonære presset som fører til at virulente trekk oppstår i patogena.[4]
Remove ads
Sjå òg
- vert-patogen-interaksjon
- infeksjonssjukdom
- optimal virulens
- verotoksinproduserande Escherichia coli
- virulensfaktor
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads